fbpx
24. april 2013
Denne artikkelen er over 2 år gammel

Eid kommune – ny klimaspydspiss!

Marius Holm, leiar i miljøstiftinga ZERO, besøkte torsdag Nordfjordeid og utnemnde Eid til «klimaspydspiss-kommune» nummer seks i Noreg.

– Vi er glade for å få Eid kommune med i klimasamarbeidet. Eid har med sin nyskapende fjordvarmesatsning og energisparing i bygg vist at småkommuner kan gå foran og vise vei mot nullutslippssamfunnet, sier Marius Holm i ZERO.

– Vi er stolte over at Eid kommune som klimaspydspiss kan vise fram nasjonalt det unike kompetansemiljøet som er på Eid knytt til fjordvarme, elektro/automasjon og smart energibruk i bygg. Vi trur våre løysingar også kan hjelpe andre til vesentleg reduserte energikostnader og klimakutt, seier Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid. 

– Eid kommune vil ha stor nytte av kompetansen vi får gjennom Zero og kommune-nettverket for å bli endå betre på energi og klima, seier ordførar Alfred Bjørlo. – Det gjeld både i den kommunale drifta, og i planlagt samarbeid med næringslivet i regionen og Eid vidaregåande skule om oppbygginga av eit Energikompetansesenter og mulige pilotbygg for smart energibruk og velferdsteknologi. 

Det ligg også ei rekke andre mulige satsingsområde i klimaspydspiss-samarbeidet, mellom anna på nullutslepp i transport, bioenergi og bygg. I klimapilotprosjektet vil ZERO bidra med fagkompetanse på nullutslippsløysingar, og samarbeide med deltakande kommuner om konkrete problemstillingar og prosjekt innanfor kommunen sin klima- og energihandlingsplan. 

Eid er den sjette klimaspydspisskommunen i landet. Klimaspydspiss-prosjektet blir drive av miljøstiftinga ZERO med støtte av KRD.

Zero-leiar Marius Holm, ordførar Alfred Bjørlo og rektor Ove Bjørlo på omvising på Eid vgs/Operahuset Nordfjord. Bygget er blant dei mest energieffektive skulebygga i landet med energibruk på under 85 kilowattimer per kvadratmeter

Vaktmeister ved Eid vidaregåande skule/Operahuset Nordjford, Henrik Aabrekk, orienterer ZERO-leiar Marius Holm og ordførar Alfred Bjørlo. Bygget har innlagt fjordvarme, har avansert energistyring og er blant dei mest energieffektive skulebygga i landet med energibruk på under 85 kilowattimer per kvadratmeter

Foran Fjordvarmeinntaket på Nordfjordeid: Anne van Oorschot (ReNorway), Marius Holm og Jenny Skagestad (ZERO) og Arild Hjelmeland (Fjordvarme AS)

ZERO-leiar Marius Holm og ordførar Alfred Bjørlo (Eid) med provet på at Eid er utnemnt til klimaspydspiss 18. april 2013

ZERO-sjef Marius Holm på omvising i teknisk rom på Nordfjord sjukehus saman med driftsleiar Per Helge Haugen, Helse Førde. Nordfjord sjukehus er varma opp med fjordvarme og varmepumper, og har lågast energibruk pr m2 av alle sjukehusbygg i Noreg.