fbpx
18. mars 2016
Denne artikkelen er over 2 år gammel

Åpnet «ladeløype» gjennom Setesdal

Åpnet «ladeløype» gjennom Setesdal

RV 9 er gjennomfartsåra i Setesdal. Den er under stadig utbygging med fleire parsellar som no får gult strek slik ein stamveg fortener. Det er no 60-70 000 el.bilar i Noreg og det er no ingen grunn til å ikkje legge vegen igjennom Setesdal for dei. Setesdal har no fenge hurtigladestasjonar fordelt utover dalen. Desse ladestasjonane blei opna gjennom ei markering på Bygland fredag 18 mars av Kåre Gunnar Fløystad, fagsjef i miljøstiftelsen ZERO.

– Den elektriske grønne dalen er nå klargjort for elektrisk transport. Kraftproduksjon fra vannkraft i Setesdal er like stor som det som trengs for elektrifisere alle personbiler i Norge. En utslippsfri persontransport er definitivt innen rekkevidde, sier Kåre Gunnar Fløystad.

kg2

Vegtrafikken i Noreg har vore basert på fossil energi i form av bensin eller diesel. Bruk av alternative energikjelder har ikkje vore tilgjengeleg, fremst på grunn av mangel på mogen teknologi og at det har vore for dyrt. Den tid er no forbi. I samband med den sterke verkemiddelbruken for el.bil frå styresmaktene, så har antallet el.bilar vore jamnt stigande til ca 70 000 bilar i Noreg pr dags dato.

Å bygge hurtigladerar er ikkje kommersiellt enno. For å akselrere denne utviklinga og skape ein elektrisk transportkorridor, så har Setesdal Regionråd gjennomført ein utbygging av hurtigladestasjonar på fylgjande destinasjonar:
– Bykle
– Valle
– Bygland
– Evje

Hurtigladerane dekker alle standardiserte ladeformat for både vekselstraum og likestraum slik som ChaDeMo/CCS, Combo og type 2. Dermed kan alle bilfabrikat lade på desse stasjonane. Mellom kvar plass er det 4-6 mil og då passar det godt viss nokon treng påfyll i full fart på sin veg igjennom Setesdal.

El.bilar nyttar straum som er lokalt produsert. Setesdal har overskot av straum. Dermed er det ein lokal ressurs som nyttast og den er energieffektiv og klimavenleg.