Felles pressemelding fra Fjord1 og ZERO

Fjord1 og miljøstiftinga ZERO inngår samarbeid

Fjord1 og ZERO har inngått ein treårig samarbeidsavtale. Føremålet er å jobbe saman for å skape gode rammevilkår for utsleppsfri maritim transport, herunder å bidra til grøne skiftet i maritim sektor. Med denne samarbeidsavtalen blir Fjord1 ein viktig alliert med ZERO i arbeidet med å kutte utsleppa i den maritime sektoren.

– Fjord1 er ein leiande aktør innan det grøne skiftet i ferjenæringa, og vi tek klima- og miljøkrav på største alvor. I dei nye anbodskontraktene vert det stadig stilt tøffare krav til reduksjon av miljø- og klimagassutslepp. Fjord1 ønskjer desse krava velkommen, selskapet har eit progressivt fokus på nullutsleppsteknologi. ZERO sin posisjon i klimasaker skal vere ein spydspiss, og såleis har det vore naturleg for oss i Fjord1 å innleie eit samarbeid med miljøstiftinga, fortel sikkerheit- og maritim teknisk direktør i Fjord1, Deon Mortensen.

Dagleg leiar i ZERO, Marius Holm er glad for å inngå samarbeid med ein aktør som tek ansvar for utvikling av ny teknologi og utsleppsfrie løysingar.

– Vi i ZERO er svært glade for avtalen med Fjord1- eit selskap som går foran i det grøne skiftet i skipsfarten. Dei viser vilje til å ta i bruk utsleppsfri teknologi, og utfordrar politikarane til å sette strengare krav til næringa. Det trengs, for skal vi klare å kutte store utslepp frå maritim sektor må land som Norge ta eit ansvar for utvikling av ny teknologi og utsleppsfrie løysingar, seier dagleg leiar i ZERO, Marius Holm.

Hovudområda for samarbeidet er å sikre gode miljø- og klimakrav i kommande ferje- og hurtigbåtanbod, realisere gode rammevilkår for utsleppsfrie maritime løysingar, samt jobbe for å utvikling og utbygging av ladeinnfrastruktur på norske kaiar.

Kontaktpersonar:

Sikkerheit og maritim teknisk direktør i Fjord1, Deon Mortensen. Mobil: 911 43 616. Kommunikasjonssjef i ZERO, Jon Evang. Mobil: 934 01 382.