fbpx
14. juni 2022
Denne artikkelen er over 2 år gammel

Historisk elflyturné på Vestlandet

ZERO arrangerte førre veke saman med Avinor og Norsk Luftsportforbund ein turné med det fyrste EASA-godkjende elektriske flyet i Noreg.

Varaordførar i Vestland Natalia Golis (MDG), Byrådsleiar i Bergen Roger Valhammer og regiondirektør i NHO Helene Frihammer.

Varaordførar i Vestland, Natalia Golis (MDG), vart fyrste passasjer nokon gong som tok av frå Flesland i eit elfly. Ho har lenge jobba for å få på plass utsleppsfrie fly på Vestlandet, og var særs glad over at også luftfarten står på terskelen til å bli elektrisk. 

Flyet er av typen Pipistrel Velis Electro, som er det fyrste elektriske flyet som er typesertifisert av EU sitt byrå for flytryggleik, EASA. Småflyet har tillegg til piloten plass til ein passasjer, kan fly i om lag 150 km/t  og halde seg i lufta i underkant av ein time før det treng ny lading.

Andre passasjer ut vart byrådsleiar i Bergen, Roger Valhammer (Ap), som gjennom pilotbrillene kunne nyte synet av Bergen sentrum frå ein farkost som nesten lydlaust glei mellom fjella i Vestlandshovudstaden. Bergensarane der nede merka truleg ingen ting, dei kunne nyte ein god krangel utan å bli forstyrra med flystøy og utslepp frå lufta. Regiondirektør i NHO Vestlandet, Helene Frihammer, var samd med dei to fyrste elflypassasjerane om at dette var ein forsmak på framtida: 

– Vestlandet er i ferd med å bli eit episenter for elektrisk revolusjon både til lands, til havs og i lufta med! Det å endeleg kunne fly over Bergen stille, til lav kost og elektrisk, er ein milepæl  og eit viktig frampeik på utviklinga som kjem. Det var utruleg stas å få vere med på ein av dei fyrste flygingane, og vi i NHO Vestlandet gler oss til å jobbe meir med dette og bidra til tempo i utviklinga av utsleppsfri luftfart. Vestland og Noreg er perfekt posisjonert for det, sier Frihammer.

Neste stopp i turnéen var på Stord, der stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) fekk fyrste elflyturen over Sunnhordland og Hardangerfjorden med elfly. Ho er blant dei som står bak Stortingsvedtaket om eit grønt luftfartsprogram for å leggje til rette for utvikling, testing og implementering av null- og lavutsleppsteknologi i Noreg:

– Luftfarten må bli utsleppsfri. Og også her har Noreg høve til å ta ein posisjon, slik vi har gjort med elbilsatsinga vår. Med kortbanenettet vil vi ha ein unik moglegheit til å bli ein testarena for nullutsleppsfly, og det sikrar at vi tidleg kan få på plass ein flyflåte som er fossilfri. Om regjeringa syter for at vi er i posisjon og får på plass naudsynt regelverk og infrastruktur, kan kommersielle nullutsleppsfly bli ein realitet dette tiåret, sier Eskeland.

Ingvild Kilen Rørholt, fagansvarleg for transport i ZERO, har lenge jobba hardt for å kutte utsleppa i luftfarten og fortgang og konkretisering i satsinga på fossilfrie fly: 

– Elfly er ein viktig del av en fossilfri luftfart. For å få fart på elflyutviklinga treng vi tydelege krav i FOT-rutene og eit permanent test- og innovasjonssenter for utsleppsfri luftfart, sier Kilen Rørholt.

Dei norske aktørane SAS, Norwegian og Widerøe har alle planar om korleis dei skal kutte utsleppa i luftfarten, og sistnemnde jobbar for å få på plass den fyrste kommersielle nullutsleppsruta med eit 9-setersfly mellom Bergen og Stavanger i 2026. Difor passa det bra å avslutte turnéen på Sola Airshow utan eit brak, men med eit lite men viktig døme på kva kvalitetar framtida har å by på.